Viser arkivet for november, 2011

Kattungar?

Er det noken i Angedalen som kan skaffe ein liten kattunge?

Applaus for 5 karar som har gjort det triveleg langs vegen til Botnavatnet

Eg har lyst til å gi ein skikkeleg applaus for Oddvin og Steinar *Botnen som har skaffa og sett opp to bord med benker langs Gamlestølsvegen. Det første bordet står på Tverrelvebakken og det andre på haugen aust for Stoelva. Her har Lars Indrebø hogge vekk skog slik at vi no kan sitje ved bordet og nyte den fabelaktige utsikta fram over dalen! Øyvind og Henning Hegrenes har i sommar lagt ut pallar på dei våtaste stadane i råka frå inste parkeringsplassen til Botnavatnet – så no går det an å komme inn til vatnet utan å bli våte på føtene.

Så applaus for Oddvin, Steinar, Lars, Øyvind og Henning

Eit allaktivitetshus i dei nedlagde fabrikklokala på Ramstad?

Eg tipsar Førde kommune om at det i Angedalen står eit topp flott bygg som kan brukast som aktivitetshall for mange inneaktiviteter. 4500 m2, varme, reine lokaler fordelt på 3 hallar som kan nyttast til t.d. innebandy, volleyball, klatring, scating, bowling, biljard – trening for ulike behov – her kan vere eit samlingslokale for sykkelmiljøet og dei som trenar ski både sommar og vinter (innover Angedalen) osv. Fine dame-og herregarderobar med dusjar.Kjøkken og stor kantine som kan nyttast av dei som vil drive med matlaging…og kanskje lage mat til dei andre som er i bygget. 2. etg har fleire fine kontor med stor “vrimlehall” og stort møterom – her kan det t.d. vere bridgelokaler, sjakk, data osv. Her er uana mogelegheiter og kan gi eit tilbod til alle dei som ikkje driv med idrett (les fotball). Huset kan også vere ein stad for lag og organisasjonar, for kurs, møter, aktivitetar.
Ringbussen går til Hjelle….to minuttar til så kan den gå inn til Ramstad til eit slikt flott allaktivitetshus!