Naturen i Angedalen er vakker og innbyr til friluftsliv, sommar og vinter. Nærheita til Førde sentrum gjer dalen til eit sentralt turområde 10 til 15 min med bil så er du midt i eit eldorado for turar i alle vanskegrader. Det går desverre ikkje buss inn hit endå, men det skal vi prøve å få fiksa på!!
- Angedalsgruppa vart skipa i 1955. Den største aktiviteten er trimpostane om sommaren der du kan samle poeng på 10 fjelltoppar kring dalen. I samband med dette arbeider ein med merking og rydding av stiar. Angedalsgruppa arrangerer også turar med guide både sommar og vinter.
Lysløypa startar ved Angedal bru og er 2,5 km lang – Her blir det arrangert lysløyperenn og karusellrenn for heile kommunen.
- Solstrålen 4H Vart skipa 1963 og har pr. i dag 31 medlemmar. Det har gjennom åra vore stor aktivitet i klubben. Solstrålen skipar kvart år til eit nyttårsball der dei inviterer andre klubbar i distriktet og dette har blitt eit svært populært tiltak som samlar 100 – 120 4H-arar kvart år. I 2004 vart Solstrålen kåra til beste klubb i Sunnfjord. Dei har mange prosjekt dei ønskjer å gjennomføre, og meir om det kan du lese om på sonen Angedalen.