BreibandHar no fått instalert radiobreiband frå Enivest og brukt det ei veke, det fungerar heilt fint stabilt og greit, har no nedlastinghast, 7000 Kbps som vert ned justert til det aboemanget eg har bestil. Kattungar?Er det noken i Angedalen som kan skaffe ein liten kattunge? Applaus for 5 karar som har gjort det triveleg langs vegen til BotnavatnetEg har lyst til å gi ein skikkeleg applaus for Oddvin og Steinar *Botnen som har skaffa og sett opp to bord med benker langs Gamlestølsvegen. Det første bordet står på Tverrelvebakken og det andre på haugen aust for Stoelva. Her har Lars Indrebø hogge vekk skog slik at vi no kan sitje ved bordet og nyte den fabelaktige utsikta fram over dalen! Øyvind og Henning Hegrenes har i sommar lagt ut pallar på dei våtaste stadane i råka frå inste parkeringsplassen til Botnavatnet – så no går det an å komme inn til vatnet utan å bli våte på føtene. Så applaus for Oddvin, Steinar, Lars, Øyvind og Henning Eit allaktivitetshus i dei nedlagde fabrikklokala på Ramstad?Eg tipsar Førde kommune om at det i Angedalen står eit topp flott bygg som kan brukast som aktivitetshall for mange inneaktiviteter. 4500 m2, varme, reine lokaler fordelt på 3 hallar som kan nyttast til t.d. innebandy, volleyball, klatring, scating, bowling, biljard – trening for ulike behov – her kan vere eit samlingslokale for sykkelmiljøet og dei som trenar ski både sommar og vinter (innover Angedalen) osv. Fine dame-og herregarderobar med dusjar.Kjøkken og stor kantine som kan nyttast av dei som vil drive med matlaging…og kanskje lage mat til dei andre som er i bygget. 2. etg har fleire fine kontor med stor “vrimlehall” og stort møterom – her kan det t.d. vere bridgelokaler, sjakk, data osv. Her er uana mogelegheiter og kan gi eit tilbod til alle dei som ikkje driv med idrett (les fotball). Huset kan også vere ein stad for lag og organisasjonar, for kurs, møter, aktivitetar. Breiband?Fekk brev frå fylkeskommunen / kommunen idag. Dei meinar at Angedalen HAR godt nok breiband, så dei ser då ikkje grunn til å sette av pengar til noko utbygging her. Er alle fornøgd med linjene slik vi har det idag? Fartsgrense rundt skulenHar i dag purra kommunen for å få fortgang i denne saka som eg meldte inn til dei i august 2010. Til Rådmann Ole John Østenstad Viser til oppslag i Firda der dei presentere Førde kommune si prioriteringsliste på trafikksikring 2010. Eg har eit innspel eg håpar du kan sjå på og ta med i planen framover. Høgt oppe på lista så ønsker dere gatelys frå ”Trollgjelet” og til Angedalen Skule. Dette er meget bra og eit viktig tiltak som trengst. Det som vi i området her har diskutert mykje siste tida er at fartsgrensa på denne strekninga (og eventuelt inn til John Slåtten) må reduserast til 50 eller 60 sone. Å senke til 50 eller maks 60 sone vil vere eit godt tiltak for å redusere faren for ulykker. Eg vil nemne at på strekinga Angedalen Skule og over Grimelandshaug blei det for nokre år tilbake redusert fartsgrense frå 80 til 50km/t. Dette er flott, men det er minst like mykje barn på ”vår” strekning så derfor ber vi om at du kan ta dette vidare og hjelpe oss med å trygge skulevegen endå meir! Mvh. Breiband i dalen - oppfølgingFekk brev frå rådmann i Kommunen idag. Veien videre til fiber er fortsatt lang å gå, men det viser at det hjelper å kjempe! Dette er eit viktig skritt i rett retning. MEN: Eg klarer ikkje dette åleine. Er det interesse for å få FIBER til alle i Angedalen så må vi alle sammen stå sammen, då har vi ein sjans, viss ikkje så blir det ikkje fiber før tidligast neste generasjon, eller i verste fall endå seinere! Snøvinteren 2011Hei ,er det nokon som er innom sonen her som hugsar når det sist var så mykje snø som det er i år,Eg målte 145 cm, før det regna, i dag 27/3, er det ca, 140 cm, Eg meinar at i 93/94 var det mykje, Prøver igjen.. FIBER TIL ANGEDALEN!Til Førde Kommune (sendt dei 12.03.2011) Mvh Lysløypa
Gode forhold i lysløypa Lysløypa i Angedalen er ca 2,2 km og oppkøyrt og klar til bruk. Det er skifta ut ein del lyspærer og armatura er reparerte. Det står att enda ein par punkt, men det er likevel mange år sida løypa har vore i so god stand. Det gjenståande arbeide vil ein gjere i nær framtid. Målet er å få lys i alle lyspunkta slik at løypa vert slik den var som ny. Flotte forhold i lysløypa i Angedalenkveld var eg i lysløypa for første gong i år og vart møtt med nydelege forhold, masse snø, flott trase og fine spor. 10.01.2011 Norodd Annonse | |||||||||||
Nyeste kommentarer