Applaus for 5 karar som har gjort det triveleg langs vegen til BotnavatnetEg har lyst til å gi ein skikkeleg applaus for Oddvin og Steinar *Botnen som har skaffa og sett opp to bord med benker langs Gamlestølsvegen. Det første bordet står på Tverrelvebakken og det andre på haugen aust for Stoelva. Her har Lars Indrebø hogge vekk skog slik at vi no kan sitje ved bordet og nyte den fabelaktige utsikta fram over dalen! Øyvind og Henning Hegrenes har i sommar lagt ut pallar på dei våtaste stadane i råka frå inste parkeringsplassen til Botnavatnet – så no går det an å komme inn til vatnet utan å bli våte på føtene. Så applaus for Oddvin, Steinar, Lars, Øyvind og Henning
Vist 27 ganger. Følges av 1 person. | ||
Kommentarer
Er det ingen andre som tykkjer desse karane fortener applaus???