Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Fjordaglimt (tirsdag 9. august 2011). Les mer om roperten…

Fartsgrense rundt skulen

Har i dag purra kommunen for å få fortgang i denne saka som eg meldte inn til dei i august 2010.
-

Til Rådmann Ole John Østenstad

Viser til oppslag i Firda der dei presentere Førde kommune si prioriteringsliste på trafikksikring 2010.

Eg har eit innspel eg håpar du kan sjå på og ta med i planen framover.

Høgt oppe på lista så ønsker dere gatelys frå ”Trollgjelet” og til Angedalen Skule. Dette er meget bra og eit viktig tiltak som trengst.

Det som vi i området her har diskutert mykje siste tida er at fartsgrensa på denne strekninga (og eventuelt inn til John Slåtten) må reduserast til 50 eller 60 sone.
På denne strekninga er det over 20 barn som går eller skal begynne på skule dei næraste åra! Hovudvegen med dagens 80 sone er einaste tilkomstveg til skulen for desse barna. Vegen er smal og til dels uoversiktleg, så dette er ein farleg veg for små barn.
Bilane har som regel høg fart her, og det er direkte farleg om t.d 2 bilar møtes samtidig som det er barn på same plassen.

Å senke til 50 eller maks 60 sone vil vere eit godt tiltak for å redusere faren for ulykker. Eg vil nemne at på strekinga Angedalen Skule og over Grimelandshaug blei det for nokre år tilbake redusert fartsgrense frå 80 til 50km/t. Dette er flott, men det er minst like mykje barn på ”vår” strekning så derfor ber vi om at du kan ta dette vidare og hjelpe oss med å trygge skulevegen endå meir!

Mvh.
Rune Ness, 3 barnsfar frå Angedalen

Vist 113 ganger. Følges av 1 person.
Annonse

Nye bilder