Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Fjordaglimt (lørdag 12. mars 2011). Les mer om roperten…

Prøver igjen.. FIBER TIL ANGEDALEN!

Til Førde Kommune (sendt dei 12.03.2011)
Eg er interessert i å vite kva kommunen gjer for å sikre utkantane i kommunen betre breiband / fiberdekning. Her i Angedalen så har vi dårlige linjer til “breibandet” vårt. Dei fleste her inne har så lav hastighet at det knapt kan kallast breiband, og dei som bur lengst vekke frå sentralen har problem med ustabil forbindelse til nettet. Dette er ikkje leverandøren av breibandet sin feil. Det skyldast gamle/dårlige linjer og til dels lang avstand mellom sentral og brukar. Vi er fornøgde med Enivest som bygde ut sentralen for nokre år sidan, men i 2011 så er likevel kapasiteten/ kvaliteten så dårlig at det knapt kan kallast breiband.
Enivest og Telenor har no starta utbygging av fibernett fleire plassar i Sogn og Fjordane. Fiber er den raskasta løysinga som er mulig å ha, og det er i praksis ikkje noko begrensing på kva hastighetar som er mulig å få! I tettstadar som Førde sentrum så ser ein at desse aktørane grev kvar sine grøfter og installerer fiber til byggefelt, men i utkantane er det sjølvsagt ingen interesse for private aktørar å bygge ut fiber.
Vi som bur her ser det som kommunen si plikt til å vere med å bidra til at også vi kan bli kobla til fibernettet. Det er snakk om til dels store utbyggingskostnadar, men her må kommunen gå inn med midlar slik at dette blir gjennomførbart. Ein leser stadig om diverse fond frå staten som skal bidra til økt utbygging, men dette er det kommunen som sjølv må ta initiativ til.
Eg ønsker derfor ei tilbakemelding på kva planar De har for å hjelpe oss i Angedalen med å komme i gang med utbygging av fibernettet.

Mvh
Rune Ness

Vist 368 ganger. Følges av 5 personer.

Kommentarer

Flott Rune. Vi er mange husstandar på Ramstad som ikkje får breiband i det heile. Vi har funne ein løysing, som eg vil kalle midlertidig, med trådlaust frå ICE. Men her er det så mange som deler på det at vi klarer ikkje meir enn 0,15 til 0,30 Mbps på kveldstid når “alle” er på nett. Det er så dårleg at det er nesten betre å ikkje ha i det heile.

Ja trådløst frå ICE er nok ikkje det beste… Det som har vist seg i andre bygder det er at dersom ein står samla på så er det faktisk mogleg å legge så masse press på kommune/utbyggar at dei kan finne på å bygge ut..

Superaktuelt tema. Bur på Andre sida av Førde, Hellevang. Der er det også elendig nett. Løsningen er fiber, men dette koster litt mykje og det er vel slutt på at alle får breibånd.

Utenfor skitrekket er vi ca 80 husstander trur eg. Eg for min del er villig å betale kr 100000,- for fiber, men dette er vel litt i det meste laget for dei fleste. Men la oss sei at 60 husstander betaler 50000 kvar noko som blir kr 3 mill.

Lurer litt på om dette kan få igang noko?

Hei Oddvar. Trur faktisk eg og du skreiv noko på slutten av nittitallet at vi ønskte breiband, for den gangen hadde vi kun modem linjer:)

Hellevang og Angedalen har nok samme problemet. Eg personlig er villig til å betale litt for å få fiber, men eg har snakka med utbyggar og det er uaktuelt for dei å koble på enkeltvise husstandar på den måten.

Eg trur også at mesteparten av folket PR D.D ikkje er villig til å betale så store summar for fiber, dessverre.

Kanskje det kan vere ei løysing av vi ilag kan “aksjonere” for å få fart på utbygginga? Dei tekniske løysingane ligger klare, det er kun viljen og økonomien som setter begrensingar her hos dei som bygger ut. Om vi får kommunen med oss for å sikre bygdene fiber så kan dette vere ein realitet om få år. Vi betaler tross alt samme avgifter/skattar som dei som bur mitt i sentrum og får alt rett i hendene..

Hei, Lurer litt på dette med fiberkabel, er det ikkje muleg å strekkje den som luftspenn, alle hus har straum og fast telefon så stolpane står der, det må vel vere både enklare og billigare enn jordkabel, straum og telefon går på same stolpane mange plassar no også så det må vel gå bra med fiber også,

Hei Oddvar B
Eg skal ikkje seie SIKKERT kva som går og ikkje går, men eg tenker også det samme som deg.
Uansett så må ein ha ein ny kabel til kvart hus, og eg vil også tru det er enklast med luftkabel på eksisterande stolpar. Skal ein grave grøfter til kvart hus så vil det vel bli urealistisk med slik spredt bebyggelse vi har i Angedalen…
Utfordringane er vel gjerne korleis ein skal bygge opp eit nett av luftspenn kablar, men dette er uansett noko som det heilt sikkert finst løysingar på som dei som bygger ut slike nett har enkle svar på. Eg er også sikker på at om det er behov så vil dei fleste gå med på å ha ein koblingsboks utanfor huset sitt som “tar imot” fiberkabel til sitt eige hus, og kan koble videre til neste hus frå den.

Det er bygd eit trådlaust nett i Førde som også dekker det meste av Angedalen med tanke på dei som har for lange linjer for ADSL. Kostar det same som ADSL. Ring 800 30 325 eller sjekk web;
http://www.telenor.no/privat/bredband/wimax/

Har sjekke med telenor WiMax. Kan ikkje levere på Ramstad. Bombe…

Det trådløse er eit bra alternativ om det ikkje er andre løysingar, men dessverre så krev det stort sett fri sikt til senderen, og prismessig så er det dyrt i forhold til kva hastighet ein evt får.. Enivest leverer også trådløst breiband, men også der er det heller ikkje dekning for Angedalen.

Framtida er uansett fiber, så eg meinar det er det vi må kjempe for.

Fekk svarbrev frå Førde Kommune etter eg sendte brevet til dei, men der stod egentlig ingenting som vi ikkje veit.
Skal få scanna dette og lagt det ut.

Vi får lage vidare plan på korleis vi skal ordne dette, for alt er mulig berre ein står på! Men skulle gjerne hatt fleire med på laget, for står litt i stampe når det kun er meg som jobber åleine mot dei store:)

Fekk telefon frå Telenor i dag 9. mai. Dei ville sjekke ein gong til om dei kunne levere… Det skal dei jo få lov til :-)
Det blir ivertfall meir stabilt og INGEN MAX NEDLASTING.

Spennande. Du får oppdatere oss når du veit meir.
2000/400 er jo rimelig lav hastighet til å vere “breiband”, men det er uansett betre enn noko som er ustabilt..:)

WiMax. Nope. ElTele var der i dag for å sjå om det gikk an. Ikkje håp. Får lete etter andre løysingar…

Annonse

Nye bilder