Konsert og kunstutstilling på Hegrenes Bruk

MØT EIN KUNSTNAR MED RØTER FRÅ INDREBØ I ANGEDALEN

KUNSTUTSTILLING
OG MUSIKALSK OPPLEVING
BJØRN KAAKS
saman med
Anders Eikås


HEGRENES BRUK

Laurdag 14. August 2010 kl. 17.00
(Utstillinga opnar kl 15.00)
Pris for Utstilling og musikalsk oppleving kr 150,-
Suppe kr 50,- inkl.1 kopp kaffi og kake.
Dette er eit arrangement i samband med dei guida vandringane i området denne helga og vi vonar at mange også kjem vandrande over Botnaskaret frå Jølster for å få med også denne opplevinga.

Multikunstnaren Bjørn Kaaks bur og arbeider no i Bentsentunet på Ålhus i Jølster. Han er fødd og oppvaksen i Molde, men langt tilbake har han røtene sine frå plassen
”Under garden” på Indrebø som vi ser tuftene av på garden til Audun Indrebø.

Denne laurdagen vil han glede oss med å vise ei samling av arbeida sine i tresnitt og han vil saman med Jølstramusikaren Anders Eikås også gje oss ei musikalsk oppleving.

Vist 98 ganger. Følges av 1 person.
Annonse

Nye bilder