Den sommaren "halve Angedalen" vart filmstjerner

Frå 20.- 28. juli 2010 sto Angedalen “på hovudet” rett og slett. Vi var alle midt i ei filminnspeling og nokre gjekk til og med så langt at dei vart filmstjerner! Boka “Dødens drabanter” av Gunnar Staalesen vart filmatisert her i Angedalen der også idèen til boka kom under krimkvelden på Hegrenes Bruk i september 2005. Bokslepp september 2006, Radioteater i 2009 og filmatisering i 2010 er ei utvikling som nesten ikkje er til å tru. Bygdefolket har vore så utruleg positive og opptekne med at dette skulle gå bra, så då det vart snakk om å finne “locations” for t.d. gardane “Libakk” og “Almelid” i boka, så opna Angedølene dørene sine og let filmfolka få sjå frå kjellar til loft! Det er mykje som skal stemme når ein skal lage film og det var mykje fram og tilbake før dei bestemte seg for kvar dei ville filme. Ei helsing til dokke alle frå filmfolket er at det var ei stor glede å vere her! Velvillige og positive folk alle stadar, sa dei! Stor takk til dokke alle frå meg også! Har lagt ut bilete i eit album som heiter Varg Veum filminnspeling.

Vist 81 ganger. Følges av 1 person.
Annonse

Nye bilder