Varg Veum filminnspeling i Angedalen - statistar

No nermar deg seg filminnspeling – oppstart 19. juli! Første dag er på ferja Lavik-Oppedal og sidan blir det Førde og Angedalen for fullt.
Det trengs mange statistar og no er det klart at det blir ikkje audition, men at interesserte melder seg til meg (Judith.hegrenes@c2i.net eller 92448784) Eg vil så formidle vidare og det blir ei utplukking. Det er lite og ingenting godtgjersle for slike roller, men mat og opplevinga blir det som er gevinsten. De får også vere med på kick-off-festen! som er grillfest på Hegrenes Bruk saman med skodespelarar og personell. Det trengs mange ulike typar bl.a. 10 frå “innsatsstyrken” og då tenkjer eg at jegerar er typen som høver til det – og dei har vi mange av i dalen – så meld dokke på snarast! Det skal vere med ein “cool type i cabriolèt” og det skulle vel ikkje by på problemer her i dalen heller?? 8 skodelystne naboar, 12 som skal vere på kafè og nokre som skal gå forbi politistasjonen. 2 dykkerar og folk som kan vere politi. Eg har lagt ut heile lista på facebooktilhengarsida “Varg Veum filminnspeling i Angedalen”

Vist 131 ganger. Følges av 1 person.
Annonse

Nye bilder