Velkommen til Angedalen på nett!
Her kan du skrive nyhende, leggje ut bilder eller diskutere ting om Angedalen. Vi vil prøve å halde denne sonen aktiv, og håpar vi kjem til å vekse etter kvert!

For å halde denne sonen oppegåande er vi avhengige av at medlemmane legg ut bilder, skrive nyhende, og får folk til å melde seg inn. Det er viktig at vi er aktive her!

Nye bilder

Breiband

Har no fått instalert radiobreiband frå Enivest og brukt det ei veke, det fungerar heilt fint stabilt og greit, har no nedlastinghast, 7000 Kbps som vert ned justert til det aboemanget eg har bestil.

Då kann nok alle som har fri sikt til hafstadfjellet frå området rundt ramstad kunne få det samme om dei vil ha det.

Kattungar?

Er det noken i Angedalen som kan skaffe ein liten kattunge?

Applaus for 5 karar som har gjort det triveleg langs vegen til Botnavatnet

Eg har lyst til å gi ein skikkeleg applaus for Oddvin og Steinar *Botnen som har skaffa og sett opp to bord med benker langs Gamlestølsvegen. Det første bordet står på Tverrelvebakken og det andre på haugen aust for Stoelva. Her har Lars Indrebø hogge vekk skog slik at vi no kan sitje ved bordet og nyte den fabelaktige utsikta fram over dalen! Øyvind og Henning Hegrenes har i sommar lagt ut pallar på dei våtaste stadane i råka frå inste parkeringsplassen til Botnavatnet – så no går det an å komme inn til vatnet utan å bli våte på føtene.

Så applaus for Oddvin, Steinar, Lars, Øyvind og Henning

Eit allaktivitetshus i dei nedlagde fabrikklokala på Ramstad?

Eg tipsar Førde kommune om at det i Angedalen står eit topp flott bygg som kan brukast som aktivitetshall for mange inneaktiviteter. 4500 m2, varme, reine lokaler fordelt på 3 hallar som kan nyttast til t.d. innebandy, volleyball, klatring, scating, bowling, biljard – trening for ulike behov – her kan vere eit samlingslokale for sykkelmiljøet og dei som trenar ski både sommar og vinter (innover Angedalen) osv. Fine dame-og herregarderobar med dusjar.Kjøkken og stor kantine som kan nyttast av dei som vil drive med matlaging…og kanskje lage mat til dei andre som er i bygget. 2. etg har fleire fine kontor med stor “vrimlehall” og stort møterom – her kan det t.d. vere bridgelokaler, sjakk, data osv. Her er uana mogelegheiter og kan gi eit tilbod til alle dei som ikkje driv med idrett (les fotball). Huset kan også vere ein stad for lag og organisasjonar, for kurs, møter, aktivitetar.
Ringbussen går til Hjelle….to minuttar til så kan den gå inn til Ramstad til eit slikt flott allaktivitetshus!

Breiband?

Fekk brev frå fylkeskommunen / kommunen idag.

Dei meinar at Angedalen HAR godt nok breiband, så dei ser då ikkje grunn til å sette av pengar til noko utbygging her.

Ein dårleg veg

Firda har etterlyst dårlege vegar i distriktet ….eg har “meldt på” Eikelandsreina. Sette i lys av at det er komt 13 nye fartsdumpar på nedste delen av Angedalsvegen så føler eg at pengane hadde vore vel så godt anvende om denne vegen hadde blitt ordna før det skjer alvorlege ulykker!

Fartsgrense rundt skulen

Har i dag purra kommunen for å få fortgang i denne saka som eg meldte inn til dei i august 2010.


Breiband i dalen - oppfølging

Fekk brev frå rådmann i Kommunen idag.

Han melder om at dei har søkt fylkeskommunen om 1 million kroner for å dekke utbygging av breiband i dalen. Det som dei har tenkt er å sette opp radiolinjer i nedre del av dalen (Ramstad området) og Botnen. Dette vil då bli meget mykje betre for dei som bur der i forhold til det som dei har.

Snøvinteren 2011

Hei ,er det nokon som er innom sonen her som hugsar når det sist var så mykje snø som det er i år,Eg målte 145 cm, før det regna, i dag 27/3, er det ca, 140 cm, Eg meinar at i 93/94 var det mykje,
Men eg hugsar ikkje noko mål, Eg meinar at etter eg flytta til Ramstad har det vore målt 180 cm, men det er lengre sidan.

Prøver igjen.. FIBER TIL ANGEDALEN!

Til Førde Kommune (sendt dei 12.03.2011)

Eg er interessert i å vite kva kommunen gjer for å sikre utkantane i kommunen betre breiband / fiberdekning. Her i Angedalen så har vi dårlige linjer til “breibandet” vårt. Dei fleste her inne har så lav hastighet at det knapt kan kallast breiband, og dei som bur lengst vekke frå sentralen har problem med ustabil forbindelse til nettet. Dette er ikkje leverandøren av breibandet sin feil. Det skyldast gamle/dårlige linjer og til dels lang avstand mellom sentral og brukar. Vi er fornøgde med Enivest som bygde ut sentralen for nokre år sidan, men i 2011 så er likevel kapasiteten/ kvaliteten så dårlig at det knapt kan kallast breiband.

Lysløypa

Gode forhold i lysløypa

Lysløypa i Angedalen er ca 2,2 km og oppkøyrt og klar til bruk. Det er skifta ut ein del lyspærer og armatura er reparerte. Det står att enda ein par punkt, men det er likevel mange år sida løypa har vore i so god stand. Det gjenståande arbeide vil ein gjere i nær framtid. Målet er å få lys i alle lyspunkta slik at løypa vert slik den var som ny.

Flotte forhold i lysløypa i Angedalen

kveld var eg i lysløypa for første gong i år og vart møtt med nydelege forhold, masse snø, flott trase og fine spor.

10.01.2011 Norodd

Leik og morro for barna!

Fra torsdag 13 januar er vi i gang igjenn med leik og morro for barna,i gymsalen på skulen.Alle barn i heile dalen er hjertlig velkommen.Dette halv året har vi bestemt oss for og utvide tida med ein halv time,altså fra kl:17.00-18.30.

Det blir ikkje dansing med instruktør dette halvåret.Men stor takk til Alexander Hansen som gjorde ein kjempe fin jobb i fjor!Det fekk vi sjå på juleavsluttninga,i ei fin danseoppvisning frå danse gruppa.

Mykje snø på Grimeland stølen

Var ein tur på Grimeland stølen i dag 7 jan.2011, og måka snø av stølshuset, det var 120 cm på taket.

Helsing Ronny

Les mer…

User_128x128
fredag 7. januar 2011 kl 16 Skriv kommentar Bra?

Godt nytt år!

Godt Nytt År til alle Angedølingar!

Trimmen - tirsdag 14.des kl 20.00

Kjekk trim på skulen i kveld. Eigil veit og få fart på ein gjeng vintertunge angedøler :-D

Det vert trim TIRSDAG 14/12 kl 20.00, torsdag er gymsalen stengt pga arr. Kanskje det vert trim

Gigantlina

Folkens!

Vi får ei GIGANTLINE ein eller anna plass i dalen, vil vi ha den?

Trening på Angedalen skule

Alle er velkomne!

Mandag kl 19-20

Konsert og kunstutstilling på Hegrenes Bruk

MØT EIN KUNSTNAR MED RØTER FRÅ INDREBØ I ANGEDALEN

KUNSTUTSTILLING

Hesteskokastarstemne i Angedalen

HESTESKOKASTING

DNC DM – PAR / DM SINGEL

Den sommaren "halve Angedalen" vart filmstjerner

Frå 20.- 28. juli 2010 sto Angedalen “på hovudet” rett og slett. Vi var alle midt i ei filminnspeling og nokre gjekk til og med så langt at dei vart filmstjerner! Boka “Dødens drabanter” av Gunnar Staalesen vart filmatisert her i Angedalen der også idèen til boka kom under krimkvelden på Hegrenes Bruk i september 2005. Bokslepp september 2006, Radioteater i 2009 og filmatisering i 2010 er ei utvikling som nesten ikkje er til å tru. Bygdefolket har vore så utruleg positive og opptekne med at dette skulle gå bra, så då det vart snakk om å finne “locations” for t.d. gardane “Libakk” og “Almelid” i boka, så opna Angedølene dørene sine og let filmfolka få sjå frå kjellar til loft! Det er mykje som skal stemme når ein skal lage film og det var mykje fram og tilbake før dei bestemte seg for kvar dei ville filme. Ei helsing til dokke alle frå filmfolket er at det var ei stor glede å vere her! Velvillige og positive folk alle stadar, sa dei! Stor takk til dokke alle frå meg også! Har lagt ut bilete i eit album som heiter Varg Veum filminnspeling.

Guida tur til Trodalen med Gunnar Staalesen

GUIDA TUR TIL TRODALEN

Varg Veum filminnspeling i Angedalen - statistar

No nermar deg seg filminnspeling – oppstart 19. juli! Første dag er på ferja Lavik-Oppedal og sidan blir det Førde og Angedalen for fullt.
Det trengs mange statistar og no er det klart at det blir ikkje audition, men at interesserte melder seg til meg (Judith.hegrenes@c2i.net eller 92448784) Eg vil så formidle vidare og det blir ei utplukking. Det er lite og ingenting godtgjersle for slike roller, men mat og opplevinga blir det som er gevinsten. De får også vere med på kick-off-festen! som er grillfest på Hegrenes Bruk saman med skodespelarar og personell. Det trengs mange ulike typar bl.a. 10 frå “innsatsstyrken” og då tenkjer eg at jegerar er typen som høver til det – og dei har vi mange av i dalen – så meld dokke på snarast! Det skal vere med ein “cool type i cabriolèt” og det skulle vel ikkje by på problemer her i dalen heller?? 8 skodelystne naboar, 12 som skal vere på kafè og nokre som skal gå forbi politistasjonen. 2 dykkerar og folk som kan vere politi. Eg har lagt ut heile lista på facebooktilhengarsida “Varg Veum filminnspeling i Angedalen”

Angedalen

Følges av 73 medlemmer.

Naturen i Angedalen er vakker og innbyr til friluftsliv, sommar og vinter. Nærheita til Førde sentrum gjer dalen til eit sentralt turområde 10 til 15 min med bil så er du midt i eit eldorado for turar i alle vanskegrader. Det går desverre ikkje buss inn hit endå, men det skal vi prøve å få fiksa på!!

  • Angedalsgruppa vart skipa i 1955. Den største aktiviteten er trimpostane om sommaren der du kan samle poeng på 10 fjelltoppar kring dalen. I samband med dette arbeider ein med merking og rydding av stiar. Angedalsgruppa arrangerer også turar med guide både sommar og vinter.
    Lysløypa startar ved Angedal bru og er 2,5 km lang – Her blir det arrangert lysløyperenn og karusellrenn for heile kommunen.
  • Solstrålen 4H Vart skipa 1963 og har pr. i dag 31 medlemmar. Det har gjennom åra vore stor aktivitet i klubben. Solstrålen skipar kvart år til eit nyttårsball der dei inviterer andre klubbar i distriktet og dette har blitt eit svært populært tiltak som samlar 100 – 120 4H-arar kvart år. I 2004 vart Solstrålen kåra til beste klubb i Sunnfjord. Dei har mange prosjekt dei ønskjer å gjennomføre, og meir om det kan du lese om på sonen Angedalen. Mer om sonen
Origo Angedalen er en sone på Origo. Les mer
Annonse